Alle skal fullføre – men kva betaler, og kva tel?
Arrangeres av Vestland fylkeskommune
Tirsdag 11. august
Kl. 13:30 – 14:15
Salongen
Om arrangementet
Fullføringsreforma og ny opplæringslov gir fleire ungdomar og vaksne rett til vidaregåande opplæring fram til dei faktisk har fullført. Ambisjonen er viktig: Fleire skal kvalifiserast for arbeid, utdanning og samfunnsliv. Men når retten blir utvida, må også kapasitet, kompetanse, finansiering og ansvar henge saman.
I første del spør vi kva som skal til for at fullføringsretten blir reell i praksis. Korleis skal fylkeskommunane gi gode og meiningsfulle tilbod til elevar med svært ulike behov og mål – utan at nye rettar svekkjer kvalitet, breidde eller oppfølging i resten av vidaregåande opplæring?
I andre del diskuterer vi kunstig intelligens og vurdering. Når KI endrar rammene for skulearbeid og eksamen, kva skal karakterar, vitnemål og sluttkompetanse faktisk dokumentere? Og korleis kan vurderingssystemet vere både rettferdig, relevant og tillitvekkjande?
Samtalen handlar dermed om to sider av same hovudspørsmål: Korleis sikrar vi at fleire fullfører vidaregåande opplæring med kompetanse som faktisk betyr noko – og som samfunnet kan ha tillit til?
Medvirkende
Fylkesordførar, Vestland fylkeskommune
Opplæringsdirektør, Vestland fylkeskommune
statssekretær, Kunnskapsdepartementet
fylkesvaraordførar, Vestland fylkeskommune
områdedirektør for samfunn, velferd og demokrati, KS
opplæringsdirektør, Rogaland fylkeskommune
daglig leiar, Nordnes Verksteder AS
Kontakt
Se også
Se alle arrangementerMed Caroline Helen Arentz, Jon Arne Rasmussen
Med Monica Fossnes Petersson
Vedlikehold av marinefartøy: Muligheter ved militært-sivilt samarbeid
Arrangeres av CCB Naval Services
Med Terje Paulsen
Forebygging av vold i nære relasjoner: Ubrukt potensial i kriminalomsorgen?
Arrangeres av Frelsesarmeens rusomsorg
Med Benjamin Brekke-Nærstad, Martine Howden, Andreas Ribe, Johan Lothe, Cecilie Guldvog +4 til