Hopp til hovedinnhold
Uke 33 | 10. – 14. august 2026
Debatt
Helse og velferd Oppvekst og utdanning

Alle skal fullføre – men kva kostar det, og kven betaler

Arrangeres av Vestland fylkeskommune

Tirsdag 11. august

Kl. 13:30 – 14:15

Salongen

Langbryggen 20

Om arrangementet

Fullføringsreforma og ny opplæringslov gir fleire ungdomar og vaksne rett til vidaregåande opplæring fram til dei faktisk har fullført. Det er ei viktig og riktig ambisjon: Fleire skal kvalifiserast for arbeid, utdanning og samfunnsliv.

Men kva skjer når staten utvidar rettane, medan fylkeskommunane sit med ansvaret for å levere kapasiteten? Nye og meir omfattande rettar krev fleire tilrettelagde opplæringsløp, tettare oppfølging, meir spesialisert kompetanse, nok lærarar og nok eigna areal. For fylkeskommunane kan dette gi betydelege meirutgifter utan at den reelle kostnaden er fullt ut kompensert.

Samtidig handlar dette ikkje berre om økonomi. Det handlar om elevane. Ein rett på papiret er lite verd dersom skulen ikkje har ressursane, kompetansen og fleksibiliteten som trengst for å gi eit godt opplæringstilbod. Fullføring må bety meir enn fleire år i vidaregåande. Det må bety betre vegar til faktisk kompetanse.

I denne samtalen spør vi:
- Korleis kan staten, fylkeskommunane, kommunane og skulane saman sikre at fullføringsretten blir reell?
- Kva må til for at reforma ikkje fører til kutt i kvalitet, breidde eller oppfølging andre stader i vidaregåande opplæring?
- Og korleis bør finansieringa, regelverket og strukturen i vidaregåande opplæring endrast for at intensjonen med reforma faktisk skal bli oppfylt?

Målet er ikkje å svekkje fullføringsreforma. Målet er å finne ut kva som skal til for å lukkast.

Medvirkende

Jon Askeland

Fylkesordførar, Vestland fylkeskommune

Bjørn Lyngedal

Opplæringsdirektør, Vestland fylkeskommune

Kontakt

Tor Ivar Sagen Sandvik

seksjonsleiar

Tor.Ivar.Sagen.Sandvik@vlfk.no

98692471

Debatt

Arbeidspolitisk toppmøte

Arrangeres av KS

Tirsdag 11. august Kl. 14:30 – 15:30
Lille Hotell

Med Gunn Marit Helgesen, Ole Erik Almlid, Kine Asper Vistnes, Steffen Handal, Anne-Kari Bratten +4 til

Arbeidsliv
Foredrag

The Prosperous Future of Norway

Arrangeres av The Foundry +3

Onsdag 12. august Kl. 14:00 – 17:00
Grandgården

Med Jon Kåre Stene, Morten Ansteensen, Erik Bohne

Næring og økonomi Teknologi og forskning
Kultur/aktivitet

Sykt vanskelig politisk quiz

Arrangeres av Altinget AS

Mandag 10. august Kl. 19:00 – 20:30
GRID-Arendal

Med Eira Lie Jor, Solveig Ruud

Annet
Samtale

Fra fritid til samfunnskraft

Arrangeres av Ungdomsløftet Norges Musikkorps Forbund

Torsdag 13. august Kl. 14:00 – 15:00
Steenhuset Vinbar

Med Per Einar Fon, Marthe Maareid-Johansen, Steinar Evensen

Kultur og frivillighet Stedsutvikling og samferdsel
Lenken er kopiert!