Energisikkerheit og forsvarsevne (del 1) - trusselbilde og utfordringar
Arrangeres av Vestland fylkeskommune
Mandag 10. august
Kl. 15:00 – 15:45
Om arrangementet
Energisikkerheit er ikkje lenger eit teknisk spørsmål. Det er eit spørsmål om nasjonal forsvarsevne.
Vestland kjenner utfordringa spesielt nært. Her ligg Nord-Europas største marinebase, Noregs einaste oljeraffineri og det største eksportanlegget for 40 prosent naturgass til Tyskland – kombinert med eit sårbart straumnett og ein posisjon som Noregs største fylke for produksjon av fornybar energi.
Situasjonen i Ukraina viser tydeleg utfordringsbiletet. Energiinfrastruktur er blant hovudmåla for angrep. I Noreg har vi alt hatt hybride angrep mot energianlegg. Energiselskap, industri, stortingspolitikarar og regjeringsrepresentantar møtest for å svare på spørsmåla vi ikkje lenger kan utsetje:
Kva er dei største sårbarheitene i dag? Kva hastar mest å utbetre? Kva kan vi lære fra situasjonen i Ukraina? Og kva krevst av avgjerder for å kome i mål? Kva risikerer vi å miste om vi ikkje handlar raskt nok.
Velkomen til samtalen vi ikkje har råd til å utsetje for å møte ei tid med geopolitisk uro.
Arrangementet kan med fordel sjåast i samanheng med Bergen Næringsråd sitt arrangement Energisikkerheit og forsvarsevne - frå trussel til politiske løysningar som finn også finn stad på MS Sandnes kl. 1600-1645. Der tek Bergen Næringsråd samtalen vidare – frå risiko og utfordringar til politiske løysingar.
Medvirkende
Fylkesordførar, Vestland fylkeskommune
statssekretær, Forsvarsdepartementet
generalsekretær, Fritt Ukraine
konsernsjef, Eviny
direktør for regionale planer Vest, Statnett
fylkesvaraordførar, Vestland fylkeskommune
Stortingsrepresentant, Utenriks- og forsvarskomiteen, Høyre
strategidirektør, Aker Solutions
direktør for tilsyn og beredskap,, NVE
Kontakt
Se også
Se alle arrangementerNorge - en ledende havnasjon for fremtiden?
Arrangeres av STIFTELSEN SEILSKIPET STATSRAAD LEHMKUHL
Med Sindre Østgård, Vidar Helgesen, Nina Jensen, Peter Haugan, Birgit Liodden +2 til
Med Trude Arlen Horne, Audun Ingvartsen, Odd Erik Stende, Rolf K. Andersen, Sissel C. Trygstad
Dommerpodden - Live! Løgn og sannhet i domstolene
Arrangeres av Agder lagmannsrett, Agder tingrett, Agder jordskifterett +1
Med Paul Joakim Sandøy, Cecilie Østensen Berglund, Leif Otto Østerbø
Med Per Martin Knutsen, Lene Lunde, Sverre Simen Hov, Bettina Husebø, Tina Larsen