Hopp til hovedinnhold
Uke 33 | 16. – 20. august 2027
Samtale
Demokrati og rettigheter Kultur og frivillighet

Kvifor skal vi grunnlovsfeste norsk språk? Språkpolitisk verkstad med Nynorsk forum

Arrangeres av Nynorsk forum, Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag

Tirsdag 11. august

Kl. 16:30 – 17:30

Kraftverket Scene

Nedre Tyholmsvei 6

Rullestoltilpasset lokale
Rullestoltilpasset WC

Om arrangementet

Velkomen til årets språkpolitiske verkstad med Nynorsk forum! Her skal vi drøfte grunnlovsframlegg 4 (2023-2024) om grunnlovsfesting av statusen til det norske språket, medrekna jamstillinga mellom nynorsk og bokmål.

Kva skal vi med grunnlovsfesting av språket? Kor vanleg er dette i andre land? Kvifor er dette ei så viktig sak for målrørsla, og kva er motivasjonen til politikarane bak framlegget?

Grunnlovsframlegget som kom i førre periode skal no til reell handsaming i stortinget. Vi inviterer både involverte politikarar og andre med meiningar om saka til debatt.

I førre stortingsperiode leverte representantar frå nærast alle parti, eit framlegg til Stortinget om å grunnlovfesta det norske språket.

Sveinung Rotevatn frå Venstre, saman med Åse Kristin Ask Bakke frå Ap, Liv Kari Eskeland frå Høgre, Sigbjørn Gjelsvik frå Sp, Ingrid Fiskaa frå SV, Sofie Marhaug frå Raudt, Lan Marie Berg frå MDG og Kjell Ingolf Ropstad frå KrF, stod bak dette.

Desse representantane føreslo å skriva inn ein heilt ny paragraf i Grunnlova: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.»

Framlegget deira skal til handsaming i Stortinget denne perioden. For å få godkjent endringar i Grunnlova, må ein ha to tredjedels fleirtal i salen.

Om arrangøren:
Nynorsk forum er eit samarbeidsorgan for nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter. Forumet drøftar viktige spørsmål om nynorsk i kulturlivet og samfunnet, og kjem med felles prioriteringar til statsbudsjettet kvart år.

Medvirkende

Olav Øyehaug Opsvik Ordstyrer

sekretær, Nynorsk forum

Peder Lofnes Hauge

leiar, Noregs Mållag

Åse Kristin Ask Bakke

stortingsrepresentant, Arbeidarpartiet

Ove Trellevik

stortingsrepresentant, Høgre

Kristin Ljosland

fylkesleiar og gruppeleiar, Agder Senterparti

Kontakt

Olav Øyehaug Opsvik

sekretær

olav.opsvik@nynorsk.no

97130153

nynorsk språk grunnlov Kultur
Kultur/aktivitet

Kan teknologi gjøre oss mer til stede i verden rundt oss?

Arrangeres av Digin +1

Fredag 14. august Kl. 10:00 – 10:45
S/S Solrik

Med Caroline Helen Arentz, Jon Arne Rasmussen

Klima, natur og miljø Teknologi og forskning
Mingling

Innovasjonsmingling

Arrangeres av KS

Onsdag 12. august Kl. 15:00 – 16:00
Eurekabygget

Med Monica Fossnes Petersson

Teknologi og forskning
Tirsdag 11. august Kl. 10:30 – 11:15
MS Sandnes

Med Terje Paulsen

Næring og økonomi Sikkerhet og beredskap
Tirsdag 11. august Kl. 12:00 – 12:45
Tyrili Arena Arendal

Med Benjamin Brekke-Nærstad, Martine Howden, Andreas Ribe, Johan Lothe, Cecilie Guldvog +4 til

Helse og velferd Sikkerhet og beredskap
Lenken er kopiert!