På innsida av krafta - frå ord til handling
Arrangeres av Suldal Kommune og Energihovedstaden
Om arrangementet
Korleis får Noreg meir kraft – raskare – utan å miste lokal legitimitet på vegen?
Våren 2026 samla Suldal kommune kraftbransjen, industrien, forsking, kommunar, forvaltning og politikarar til konferansen «På innsida av krafta». Målet var ikkje nødvendigvis semje, men betre forståing av kva som hindrar framdrift i framtidas kraftprosjekt – og kva som må til for å lukkast.
Gjennom samtalane vart eitt spørsmål ståande att som særleg viktig: Er systemet, prosessane og samfunnskontrakten som vart utvikla for dei store kraftutbyggingane på 1900-talet, framleis tilpassa den nye effektalderen?
Eit av resultata frå konferansen vart Suldalerklæringa, som i juni vart overrekt energiministeren. Erklæringa samlar erfaringar og innspel frå kommunar, kraftbransje, industri, forsking og forvaltning, og peikar på åtte konkrete grep for meir tillit, betre prosessar og sterkare lokal legitimitet i framtidas vasskraftutbygging.
No er spørsmålet: Kva skjer vidare?
Under Arendalsuka inviterer vi til den første nasjonale oppfølginga av arbeidet. Kva av dei åtte grepa hastar mest? Kva kan gjennomførast raskt? Kva krev politiske endringar? Og korleis går vi frå analyse og gode intensjonar til handling?
Noreg treng meir kraft, meir effekt og meir nett. Samtidig aukar konfliktane, naturpresset og krava til lokal forankring. Mange prosjekt stoppar ikkje fordi behovet manglar, men fordi tilliten, prosessane og fordelinga av verdiar ikkje heng med i utviklinga av energisystemet.
I samtalen møter du representantar frå kraftkommunar, kraftbransjen, industrien og forskinga – aktørar som til vanleg møtest i krevjande konsesjonsprosessar, men som gjennom «På innsida av krafta» har vore med på å løfte fram fleire felles utfordringar og moglege løysingar.
Vertskap er Suldal kommune i samarbeid med Energihovudstaden og sentrale samarbeidspartnarar frå kraft- og energibransjen. Arrangementet blir gjennomført om bord på Rygerelektra under praplyen "Energihovedsteden".
Det serveres frokost frå kl 08.45.
Lenker
Medvirkende
Ordførar, Suldal Kommune
Konserndirektør Hydro Energi, Hydro Energi
Konsernsjef, Lyse
Administrerende direktør, Fornybar Norge
Director Public Affairs, Eramet
Forskningsleiar, Cicero
Senior Vice President Politics and Ownership, Statkraft
Moderatur, Sannum & Bergestuen
Kontakt
Se også
Se alle arrangementerMed Caroline Helen Arentz, Jon Arne Rasmussen
Med Monica Fossnes Petersson
Vedlikehold av marinefartøy: Muligheter ved militært-sivilt samarbeid
Arrangeres av CCB Naval Services
Med Terje Paulsen
Forebygging av vold i nære relasjoner: Ubrukt potensial i kriminalomsorgen?
Arrangeres av Frelsesarmeens rusomsorg
Med Benjamin Brekke-Nærstad, Martine Howden, Andreas Ribe, Johan Lothe, Cecilie Guldvog +4 til