Hopp til hovedinnhold
Uke 33 | 10. – 14. august 2026
Samtale
Demokrati og rettigheter Kultur og frivillighet

Kvifor skal vi grunnlovsfeste norsk språk? Språkpolitisk verkstad med Nynorsk forum

Arrangeres av Nynorsk forum, Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag

Tirsdag 11. august

Kl. 16:30 – 17:30

Kraftverket Scene

Nedre Tyholmsvei 6

Rullestoltilpasset lokale
Rullestoltilpasset WC

Om arrangementet

Velkomen til årets språkpolitiske verkstad med Nynorsk forum! Her skal vi drøfte grunnlovsframlegg 4 (2023-2024) om grunnlovsfesting av statusen til det norske språket, medrekna jamstillinga mellom nynorsk og bokmål.

Kva skal vi med grunnlovsfesting av språket? Kor vanleg er dette i andre land? Kvifor er dette ei så viktig sak for målrørsla, og kva er motivasjonen til politikarane bak framlegget?

Grunnlovsframlegget som kom i førre periode skal no til reell handsaming i stortinget. Vi inviterer både involverte politikarar og andre med meiningar om saka til debatt. Før debatten kjem der ei innleiing frå Martin Kolberg, tidlegare stortingsrepresentant og partisekretær for Arbeidarpartiet.

I førre stortingsperiode leverte representantar frå nærast alle parti, eit framlegg til Stortinget om å grunnlovfesta det norske språket.

Sveinung Rotevatn frå Venstre, saman med Åse Kristin Ask Bakke frå Ap, Liv Kari Eskeland frå Høgre, Sigbjørn Gjelsvik frå Sp, Ingrid Fiskaa frå SV, Sofie Marhaug frå Raudt, Lan Marie Berg frå MDG og Kjell Ingolf Ropstad frå KrF, stod bak dette.

Desse representantane føreslo å skriva inn ein heilt ny paragraf i Grunnlova: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.»

Framlegget deira skal til handsaming i Stortinget denne perioden. For å få godkjent endringar i Grunnlova, må ein ha to tredjedels fleirtal i salen.

Om arrangøren:
Nynorsk forum er eit samarbeidsorgan for nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter. Forumet drøftar viktige spørsmål om nynorsk i kulturlivet og samfunnet, og kjem med felles prioriteringar til statsbudsjettet kvart år.

Medvirkende

Olav Øyehaug Opsvik Ordstyrer

sekretær, Nynorsk forum

Peder Lofnes Hauge

leiar, Noregs Mållag

Martin Kolberg

tidl. stortingsrepresentant og partisekretær

Åse Kristin Ask Bakke

stortingsrepresentant, Arbeidarpartiet

Ove Trellevik

stortingsrepresentant, Høgre

Kristin Ljosland

fylkesleiar og gruppeleiar, Agder Senterparti

Kontakt

Olav Øyehaug Opsvik

sekretær

olav.opsvik@nynorsk.no

97130153

nynorsk språk grunnlov Kultur
Onsdag 12. august Kl. 16:30 – 17:30
Kirkekjelleren

Med

Stedsutvikling og samferdsel
Mandag 10. august Kl. 11:00 – 11:50
Castelle Restaurant

Med Logan Boese, Fredrik Syversen, Trine Wigtil, Terje Wistner, Lucie Aunan

Helse og velferd Teknologi og forskning
Samtale

Opp av sofaen-motstandskraft mot antidemokratiske bevegelser

Arrangeres av Norsk Folkehjelp

Torsdag 13. august Kl. 15:00 – 15:45
Bankgården

Med Stian Antonsen, Raymond Johansen, Sarah Taif

Demokrati og rettigheter Kultur og frivillighet
Torsdag 13. august Kl. 08:30 – 09:30
Bankgården

Med Trine Østereng, Joseph E. Stiglitz, Raymond Johansen, Liv Tørres

Demokrati og rettigheter Internasjonalt
Lenken er kopiert!