Store skip til små bygder – korleis kan bygdene sitje att med større inntekter?
Arrangeres av VESTLANDSFORSKING og Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv
Tirsdag 11. august
Kl. 19:00 – 20:00
Om arrangementet
Cruiseskip kjem til stadig fleire små bygder langs kysten. Dette er bygder som treng inntekter og arbeidsplassar, men som fyrst og fremst har storslått natur å by cruiseturistane på når dei kjem på besøk.
Korleis kan det lokale næringslivet rigge seg for å tene meir på denne typen reiseliv? Kva kan kommunane gjere, og korleis bør cruiseutfluktene organiserast for at ein større del av verdiskapinga skal bli att lokalt?
Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv ligg midt i hjartet av Sogn. Tålegrenseanalysen vår for regionen viser stor variasjon mellom reisemåla når det gjeld verdiskaping frå cruiseturismen. Kvifor er det slik, og kva kan gjerast for å auke dei lokale inntektene frå cruiseverksemda?
Denne kvelden inviterer vi reiselivsinteresserte til ein sofasamtale om korleis cruiseturismen kan kome lokalsamfunna til gode. Kva kunnskap treng vi for å kunne ta vare på interessene til kommunen, innbyggjarane og næringslivet, samstundes som vi sikrar størst mogleg lokal verdiskaping?
Lenker
Medvirkende
Forsker/ Ildsjel, Vestlandsforsking
Statssekretær, Arbeiderpartiet
Fagdirektør, NHO
Seniorrådgivar, Vestland fylkeskommune
Sustainability and community engagement manager, MSC cruises
Ordførar, Luster kommune
Kontakt
Se også
Se alle arrangementerMed Caroline Helen Arentz, Jon Arne Rasmussen
Med Monica Fossnes Petersson
Vedlikehold av marinefartøy: Muligheter ved militært-sivilt samarbeid
Arrangeres av CCB Naval Services
Med Terje Paulsen
Forebygging av vold i nære relasjoner: Ubrukt potensial i kriminalomsorgen?
Arrangeres av Frelsesarmeens rusomsorg
Med Benjamin Brekke-Nærstad, Martine Howden, Andreas Ribe, Johan Lothe, Cecilie Guldvog +4 til