Ferjer og hurtigbåtar: utsleppskutt og eksport – eller grøn fallitt?

Sted

Rygerelektra Konferanserommet 297 seter + dekk Antall plasser i lokalet: 297

Dato

Onsdag 13. august 2025

Tid

13:30 - 14:30

Rullestoltilpasset lokale

Rullestoltilpasset WC

Om arrangementet

Den grøne omstillinga av ferjene og hurtigbåtane skulle vere ei norsk suksesshistorie, men no ser me fleire snuoperasjonar. Mens nullutsleppskrava for ferjer kom med lite finansiering og ei rekke unntak, blei krava til hurtigbåtar skrota i fjor. Det utfordrar både norske utsleppsmål og eksportmål, og taparane blir både passasjerar og næringsaktørar.

Fylka planlegg anbod – men manglar både pengar og spelereglar for å satse på ny teknologi. Samtidig stig temperaturen, både i atmosfæren og i kommentarfelta. Korleis kan fylke og stat samarbeida for å realisere omstillinga - både for passasjerar og næringsaktørar? Kven tar styringa – og rekninga?

Maritime CleanTech, NHO Sjøfart og Vestlandsrådet inviterer til debatt om ferjer og hurtigbåtar i Arendal.

Møt næringa, politikarane og dei som sit med nøklane til grøn mobilitet på sjø:

Medvirkende

  • Håvard Tvedte - direktør marknadsutvikling, Maritime CleanTech Ordstyrer
  • Anders Riise - fylkesordfører (H), Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Jon Askeland - fylkesordfører (SP), Vestland fylkeskommune
  • Astrid Willa Eide Hoem - statssekretær (AP), Klima og miljødepartementet
  • Reidun Svarva - kommersiell direktør, Torghatten
  • Fredrik Witte - administrerende direktør, Corvus Energy
  • Rannveig Drengstig - administrerende direktør, Norled
  • Lars Haltbrekken - nestleder, SV
  • Elise Caspersen - maritim fagansvarlig, Zero

Praktisk informasjon

Sted og adkomst

Langbrygga

Arrangør(er)

  • Vestlandsrådet
  • Maritime CleanTech
  • NHO Sjøfart

Lenker

Kontakt

Iver Jan Leren, Seniorrådgiver
E-post: iver.jan.leren@rogfk.no
Telefon: +4794820001

Hopp til toppen