Noreg 2050 – framtida til norsk språk
Kulturkammeret Kraftverket Scene Konferanserom Antall plasser i lokalet: 70
Mandag 11. august 2025
11:30 - 13:30
Rullestoltilpasset lokale
Rullestoltilpasset WC
Om arrangementet
Korleis ser den norske språksituasjonen ut i 2050? Kva er dei viktigaste sakene for å sikre norsk språk dei neste 25 åra?
Nynorsk forum inviterer til språkpolitisk verkstad under Arendalsuka, der språket i akademia, norsk språk på nett og stoda for norsk språk fram mot 2050 skal drøftast på fleire måtar.
Arrangementet har tre delar til følgande tidspunkt:
Kl. 11.30: Norsk fagspråk 2050
Kor godt tek vi vare på norsk fagspråk i dag og korleis vil skiftande regjeringar påverke situasjonen? Kva er det viktigaste vi kan gjere for å utvikle norsk fagspråk fram mot 2050?
Unn Røyneland (UiO) og Marita Kristiansen (UiB) skal leie kvart sitt forskingssenter for norsk fagspråk frå hausten 2025 og deltek i første del av denne samtalen. Etter intervjuet med senterleiarane blir det eit intervju med stortingsrepresentant Lise Selnes (Ap).
Kl. 12.00: Pause
Kl. 12.15: Kampen mot Silicon Valley
Korleis påverkar teknologigigantane språket vårt og kva kan vi gjere med det? Kven skal ta ansvar for norsk språk i den digitale sfæren og kva tenkjer vi no om KI og store språkmodellar?
Svein Olav Langåker er dagleg leiar for Nynorskkommunane (LNK), som har ytra seg sterkt om dei dårlege tilhøva kring digitale læremiddel for norske skuleelevar. Han skal snakke om desse problema og meir med Åse Wetås i Språkrådet og Erik Bolstad i Store norske leksikon. I andre del av denne samtalen stiller Marianne Wilhelmsen (Ap), statssekretær i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Kl. 12.45: Pause
Kl. 13.00 Noreg 2050 – ei oppsummering
Vil nynorsk vere eit sterkt språk i 2050? Kva for politiske parti kan nynorsken sjå til for å styrke og oppretthalde statusen for språket dei neste 25 åra?
Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, og direktør i Språkrådet, Åse Wetås skal freiste å sjå inn i krystallkula på vegner av nynorskbrukarane og alle som er glade i norsk språk.
Ordstyrar for arrangementet er direktør for Nynorsk kultursentrum og sekretær for Nynorsk forum, Olav Øyehaug Opsvik.
Medvirkende
- Olav Øyehaug Opsvik - sekretær, Nynorsk forum Ordstyrer
- Peder Lofnes Hauge - leiar, Noregs Mållag
- Marianne Wilhelmsen (Ap) - statssekretær, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
- Lise Selnes (Ap) - stortingsrepresentant, Utdannings- og forskingskomiteen
- Svein Olav Langåker - dagleg leiar, Nynorskkommunane (LNK)
- Unn Røyneland - professor, UiO – Institutt for lingvistiske og nordiske studium
- Marita Kristiansen - førsteamanuensis i terminologi og fagspråk, UiB – Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
- Åse Wetås - direktør, Språkrådet
- Erik Bolstad - sjefredaktør, Store norske leksikon
Praktisk informasjon
Sted og adkomst
Arrangør(er)
- Nynorsk forum
- Nynorsk kultursentrum
- Noregs Mållag
- Nynorsk bedriftsforum