Fleire i arbeid – Vi må gjere meir av det som verkar!

Sted

MS Sandnes Festsal Restaurant på båt Antall plasser i lokalet: 100

Dato

Tirsdag 12. august 2025

Tid

16:00 - 16:45

Om arrangementet

Om arrangementet
Vi ønskjer å setje søkelys på tiltak som har dokumentert effekt i arbeidet med å få fleire ut i arbeid og utdanning og førebyggje utanforskap – og spørje:

Kvifor klarer vi ikkje å skalere opp det som verkar? Kvifor startar vi heller opp nye prosjekt?

Paneldebatten blir det sentrale innslaget i arrangementet og vil vere ein samtale mellom leiande aktørar frå politikk, forsking og tenestefeltet. Temaet er oppskalering av kunnskapsbaserte tiltak, og kva som skal til for å få til meir systematisk bruk av det som fungerer.

Debatten vil ta utgangspunkt i presentasjonar av tre dokumentert lovande praksisar frå Vestland – blant anna «Raskt i jobb» og «Sykt bra jobb». Ein svært høg del av deltakarane er formidla til arbeid eller utdanning. Med dei gode resultata, som er grundig dokumentert gjennom forsking, kan ein med rette stille spørsmål ved kvifor ikkje slike tilbod blir skalert opp og blir tilgjengeleg for fleire. Eit anna døme er HUBEN ved Firda vidaregåande skule som er ein alternativ til klasserommet for læring og meistring. Paneldebatten tek opp spørsmål knytt til kunnskapsbasert praksis, sektorbarrierar og strukturelle utfordringar.

Møtet vil også bli streama

Medvirkende

  • Jon Askeland - fylkesordførar, Vestland fylkeskommune
  • Camilla Stoltenberg - direktør, NORCE
  • Hans Christian Holte - arbeids- og velferdsdirektør
  • Per Olav Skurdal Hopsø - statssekretær, Arbeids- og inkluderingsdepartementet
  • Hallgeir Hansen - rektor, Firda vidaregåande skule
  • Bjarte - Hysing-Olsen, fylkesdirektør NAV

Praktisk informasjon

Sted og adkomst

Langbryggen

Arrangør(er)

  • VESTLAND FYLKESKOMMUNE
  • NAV Vestland
  • NORCE

Lenker

Kontakt

Sølve Dag Sondbø, seksjonssjef
E-post: Solve.Dag.Sondbo@vlfk.no
Telefon: +4790075325

Mer fra programmet

Sidevisninger

Hopp til toppen