Førebygging? Ja, takk! Så lenge eg slepp rekninga!
Steenhuset Vinbar Grasrotscenen, Steenhusets Bakgård Telt Antall plasser i lokalet: 60
Onsdag 13. august 2025
10:30 - 11:30
Rullestoltilpasset lokale
Om arrangementet
I eit Noreg kor helsekøane blir lengre og ressursane færre, snakkar alle varmt om helseførebyggande arbeid. Men når det kjem til kven som faktisk skal gjere jobben – og betale for han – blir det plutseleg stille.
Idretten blir ofte løfta fram som ein sentral folkehelseaktør som bidreg til god livskvalitet, helse og fellesskap for den enkelte. Men trass i at idretten kvar dag gjer jobben på grasrota, finst det knapt strukturert samarbeid med helsevesenet. Kvifor?
Kan betre samhandling mellom helse og idrett vere det som får fart på førebygginga vi snakkar så mykje om, men investerer så lite i? Kva står i vegen? Kven har viljen? Og kven tør ta ansvaret – og reikninga?
Under denne debatten utfordrar vi sentrale skikkelsar innanfor helse- og idrettspolitikken for å diskutere førebygging, folkehelse og samhandling.
Medvirkende
- Erlend Hanstveit (Ap) - Statssekretær, Kultur- og likestillingsdepartementet
- Erlend Svardal Bøe (H) - Stortingsrepresentant, Helse- og omsorgskomiteen
- Jon Askeland (Sp) - Fylkesordførar/styreleiar, Vestland fylkeskommune/Idrettsklynge Vest
- Maja Eilertsen - Styremedlem, Folkehelseforeningen
- Zaineb Al-Samarai - Idrettspresident, Norges idrettsforbund
- Malene Joensen - Dagleg leiar, Idrettsklynge Vest Ordstyrer
Praktisk informasjon
Sted og adkomst
Teaterplassen 1
Arrangør(er)
- Idrettsklynge Vest
- Vestland Idrettskrets
- Viken Idrettskrets
- Folkehelseforeningen
Lenker
Kontakt
Malene Joensen, Dagleg leiar
E-post:
malene.joensen@idrettsklyngevest.no
Telefon:
91626364