Industrien og næringslivet står klare -men kvar blir det av krafta?

Sted

Thon Hotel Arendal Plenumsalen Konferanserom Antall plasser i lokalet: 120

Dato

Tirsdag 12. august 2025

Tid

10:30 - 11:30

Rullestoltilpasset lokale

Rullestoltilpasset WC

Hørselshjelpemidler

Om arrangementet

Om kraft i kø, investeringar på vent og kva det kostar å ikkje prioritere samfunnsnytte.

Fjordane produserer kraft langt utover eige behov – men industrien på land kjem ikkje til. Prosjekt som kunne skapt arbeidsplassar og grøn omstilling stoppar opp i møte med tilknytingskøar, store anleggsbidrag og manglande prioritering.
Resultatet er svekt konkurransekraft, utsette investeringar og tapte moglegheiter for næringsliv som er klare – men ikkje får tilgang. Samtidig har vi ikkje eit system som aktivt prioriterer krafta dit den gir størst samfunnsnytte.

Samtidig blir presset på naturen stadig større. Meir kraftutbygging, fleire nettanlegg, større inngrep. Korleis skal vi løyse elektrifiseringa og det grøne skiftet – utan å forverre naturkrisa?

Kven bestemmer eigentleg kva krafta vår skal brukast på? Har vi gode nok insentivordningar og rettferdig fordeling mellom regionar – eller treng vi ein ny retning i norsk kraftpolitikk?
Vi inviterer politikarar, næringsliv og regionråd til ein konkret og handlingsretta debatt om kraftprioritering, naturvern, industriutvikling og kva som skal til for at produksjon, behov og natur kan henge saman – før det er for seint.

Linn Theres Nekkøy, Aksello
Erik Espeset, styreleiar i Linja
Jenny Følling, leiar av Region Fjordane

Sonja Øvre-Flo, 2. stortingskandidat (H), Sogn og Fjordane
Hege Lothe, 1. stortingskandidat (Sv), Sogn og Fjordane
Leif Jarle Espedal, ordførar i Fjaler (Ap)
Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord (Sp)
Terje Søviknes, 2. nestleiar i FrP

Medvirkende

  • Ørjan Stubhaug, Invest in Fjordane Ordstyrer

Praktisk informasjon

Sted og adkomst

Friergangen 1

Arrangør(er)

  • Region Fjordane
  • Invest in Fjordane

Lenker

Kontakt

Elisabeth Hatlenes
E-post: elisabeth.hatlenes@regionfjordane.no
Telefon: +4741045026

Hopp til toppen