Verdas første karbonfangstskip er i drift – men korleis gjer vi CCS til industri?
Sustainable Energy-båten Seglbåt Antall plasser i lokalet: 25
Onsdag 13. august 2025
13:00 - 13:40
Om arrangementet
Politiske og industrielle ambisjonar rundt framtidas drivstoff, som hydrogen og ammoniakk, går sakte. Er det karbonfangst og -lagring som skal redda oss i kampen mot kommande klimamål?
Saman med Wärtsilä har reiarlaget Solvang installert verdas første fullskala anlegg for karbonfangst og -lagring om bord på eit fartøy. Løysinga skal kutta utsleppa med opptil 70 prosent.
På TCM Mongstad har ein testa ulike teknologiar for CO2-fangst i industriell skala i ei årrekkje.
Gjennom katapultsenteret kan ein få testa CCS-løysingar både til lands og til vanns. Kva skal til for at karbonfangst blir ein ny, grøn industriveg for Noreg? Kan dette bli eit nytt, norsk eksport-eventyr?
-Korleis legg vi til rette for at fleire aktørar får teste og utvikle CCS-teknologi på land og til havs?
-Korleis kan CCS på skip bli eit industrielt løft – ikkje berre ein pilot?
-Kva rolle speler testfasilitetar som TCM Mongstad og katapultane?
-Kva verkemiddel og investeringar treng vi no?
Medvirkende
- Marius Knutsen - Kommunikasjonssjef, Sustainable Energy AS Ordstyrer
- Willie Wågen - CEO, Sustainable Energy AS
- Ola Elvestuen - Stortingsrepresentant, Venstre
- Sigurd Rafaelsen - Stortingsrepresentant, Arbeiderpartiet
- Signy Elde Vefring - Executive Vice President Strategy & Technology, Aker Solutions
- Tor Øyvind Ask - Fleet Director, Solvang ASA
Praktisk informasjon
Kontakt
Linn Therese Erve, Direktør forretningsutvikling og samfunnskontakt
E-post:
linn@sustainableenergy.no
Telefon:
+4748248803