U864 – Miljøtrussel og politisk kamp: Kva skjer utanfor Fedje?

Sted

MS Sandnes 1. klassesalongen Rom på båt Antall plasser i lokalet: 50

Dato

Tirsdag 12. august 2025

Tid

16:30 - 17:30

Om arrangementet

Utanfor Fedje ligg restane av den tyske ubåten U864, senka i 1945 med ei last av kvikksølv og annan farleg materiale. I over tjue år har lokalsamfunnet, fagmiljø og folkevalde kjempa for å få løyst saka – men framleis ligg vraket på havbotnen.

I dette arrangementet vil du få høyre frå personar med ulik bakgrunn, som deler sine perspektiv og vurderingar knytt til ubåten og den vidare handteringa av saka. Me stiller desse spørsmåla:

-Kvifor har det vore så vanskeleg å få gjennomslag?

-Kor står saka no – og kva seier nasjonale politikarar?

-Kven har ansvar for å handle, og kva kan gjerast no?

1. Innleiing til panelsamtale: Status frå Kystverket. Kor står ein no, og kva vert det jobba med? Hans-Petter Laahne Mortensholm​. Ca 12 minutt.
2. Panelsamtale

Me inviterer til både foredrag og debatt om ansvar, handlekraft og miljøtryggleik – i ei av dei mest krevjande, omdiskuterte og langvarige sakane i Nordhordland.

Medvirkende

  • Stian Herøy - Ordførar, Fedje kommune
  • Jon Askeland - Fylkesordførar, Vestland fylkekommune
  • Espen Børhaug, Bergen Næringsråd Ordstyrer
  • Liv Kari Eskeland - Stortingspolitikar, Høyre
  • Martin Melvær, Bellona
  • Hans-Petter Laahne Mortensholm, Kystverket

Praktisk informasjon

Sted og adkomst

Langbryggen

Arrangør(er)

  • Regionrådet Nordhordland
  • Fedje kommune
  • Region Nordhordland IKS

Kontakt

Martin Marøy, Rådgjevar
E-post: martin.maroy@regionnordhordland.no
Telefon: 94037107

Hopp til toppen