Bunad på Unesco, kva nå?

Dato

Mandag 10. august 2026

Tid

14:30 - 15:30

Rullestoltilpasset lokale

Rullestoltilpasset WC

Om arrangementet

Nå er det er eitt år sidan Bunadbruken i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis vart innskriven på UNESCO sin representative liste over menneskehetens immaterielle kulturarv. Den 5. desember 2024 skreiv vi historie. Det fyrste året markerer ikkje berre eit jubileum. Det er og ei påminning om kva vi har oppnådd, kva som står att, og korleis vi saman skal sikre at den levande bunadtradisjonen får vekse vidare i åra som kjem.
Utfordringane er reelle og mange. Mangelen på fagkompetanse er alvorleg: For få lærlingplassar og systuer hemmar rekrutteringa og fører til at for få lærer seg faget bunadtilverking. Den omfattande utanlandsproduksjonen svekkjer grunnlaget for tradisjonell kunnskapsoverføring. Samstundes arbeider mange bunadtilverkarar under skrøpelege økonomiske vilkår, og utan betre støtteordningar, investeringar og politisk medvit står framtidig produksjon på spel. I tillegg kjem utfordringa med kommunikasjon. I eit samfunn der nye generasjonar tek bunaden i bruk, må vi sikre at kunnskap om handverk, bruk og symbolikk faktisk når fram og flyt mellom generasjonane.
Korleis skal vi møte desse utfordringane? Kven skal vera med på laget?
Innskrivinga forpliktar ikkje berre organisasjonane og miljøa som har drive arbeidet fram, men også staten som kulturpolitisk aktør. Det krev handling i form av støtteordningar, politisk merksemd og vilje til investering i framtidig kompetanse. Innskrivinga er meir enn ei heidersutmerking. Ho er og ei forplikting.

Medvirkende

  • Ellen Krageberg - Generalsekretær, Norges Husflidslag

Praktisk informasjon

Sted og adkomst

Jaktekaia

Arrangør(er)

  • STUDIEFORBUNDET KULTUR OG TRADISJON

Kontakt

Studieforbundet kultur og tradisjon, Frivillig organisasjon
E-post: torunn@kulturogtradisjon.no
Telefon: +4741809366

Mer fra programmet

Hopp til toppen