Energi for framtida – er høgdevindkraft den manglande brikka i global energiomstilling?

Arrangør
Kitemill, Voss herad
Dag
Tirsdag 13.8 2024 18:00 - 19:00
Arrangementstype
Debatt
Tema
Energi
Innovasjon
Språk
Norsk
Sted
M/S Sandnes
Vis i kart
Stedsbeskrivelse
1. klasses salong
Antall plasser i lokalet
50
Medvirkende
Asgeir Løno, CFO, Kitemill
Thomas Hårklau, CEO og Grunder, Kitemill
Andreas Bjelland Eriksen, Klima- og miljøminister, Klima- og miljødepartementet
Lars Haltbrekke, Energi- og miljøkomiteen, Stortinget
Alfred Bjørlo, Næringskomiteen, Stortinget
Siri Kalvig, Administrerende direktør, Nysnø Klimainvesteringer
Frederic Hauge, Stifter, Bellona
Kontaktperson
Asgeir Løno, CFO, Kitemill, +47 905 05 267, al@kitemill.com
Nettside
https://www.kitemill.com/
Universell utforming
Nei
Miljøprofil
Ja, vi oppfyller Arendalsukas miljøkrav.
Servering
Nei
Om arrangementet

Verda jaktar på nye, bærekraftige energiløysingar og behovet har aldri vore meir kritisk. Med aukande befolkning og ein veksande middelklasse, er behovet for å ta i bruk nye energikjelder tydeleg. Samtidig som det globale energibehovet er venta å auke med 30% innan 2040, står vi overfor ein potensiell klimakatastrofe dersom ikkje bruk av fossil energi vert redusert til eit minimum. Elektrifisering av energisektoren er nøkkelen til eit meir berekraftig samfunn då ¾ av verdas utslepp kjem frå fossile kjelder. I Noreg er 50% av energien vår fornybar, i Europa litt over 20%, og i verda sett under eitt er vi på rundt 10%.

I dette landskapet presenterer Kitemill ei løysing gjennom sin innovative teknologi for høgdevindkraft (airborne wind energy - AWE). Ved å utnytte sterkare og meir stabile vindar i høgare luftlag vil høgdevindbransjen revolusjonere korleis vi produserer vindkraft. Med eit lågare kostnadsnivå og mindre miljøpåverknad enn konvensjonelle vindturbinar, representerer Kitemill sin teknologi ein spennande veg framover.

Ein ny energiproduksjonsteknologi har aldri blitt introdusert utan store offentlege investeringar i forsking, utvikling og introduksjon. Oppsida ved å lukkast er stor då energi utgjer 13% av verdas BNP. Det vil også oppstå store industrielle moglegheiter for dei nasjonane som sikrar seg teknologisk leiarskap. Kitemill vil etablere seg der insentiva er sterkast, og det er i dag ikkje i Noreg. EU har støtta Kitemill i fire omgangar og Tyskland har nyleg lansert innmatingstariffar for sektoren.  I dag er verdas største høgdevindkraftsselskap kinesisk med 150 tilsette, i fjor hadde dei ingen kjent aktivitet innan høgdevindkraft. Høgdevindkraft kan skipla handelsbalansar og endre det tryggingspolitiske biletet.

Kitemill er blant dei 3 leiande i verda på utvikling av AWE-teknologi, og har gjennom innovasjon og strategiske alliansar posisjonert seg godt. Med autonome kitesystem som opererer i høgare luftlag, adresserer Kitemill nokre av dei mest presserande utfordringane i vindkraftindustrien, inkludert redusert bruk av materialar, areal og kostnader.

Dette arrangementet vil gå inn i utfordringane med energiomstillinga nasjonalt og internasjonalt for så å dykke djupare inn i korleis høgdevindkraft kan spele ei sentral rolle i den globale overgangen til fornybar energi. Vi vil forstå korleis teknologien vil auke vår moglegheit til å elektrifisere verda, og samstundes bidra til økonomisk vekst, arbeidsplassar og energitryggleik.

No diskuterer vi 2030 måla, men det er alt for seint – vi må diskutere 2040 måla no for å komme i mål, og då treng vi ny teknologi.  Skal det offentlege finansiere utvikling av ny og viktig teknologi for klimaet, og kva verkemidlar skal dei bruke?

Hopp til toppen